SØKJER ELEKTRIKARAR OG PROSJEKTINGENIØR ELEKTRO

SØKJER ELEKTRIKARAR OG PROSJEKTINGENIØR ELEKTRO

SEVI AS er registrert elektroinstallatør på Sunnmøre som leverar tenester og produkt til maritim næring og oppdrett innanfor fagfelta elektroinstallasjon, tavlesystem, automasjon og roterande maskiner. I tillegg utviklar SEVI automasjonssystem, miljøteknologi og kraftelektronikk. 

 

SEVI AS har siste åra bemerka seg innanfor både maritim næring og oppdrett med fleire unike produkt og løysingar. I tillegg til lang erfaring frå drift og vedlikehald av maritime tekniske anlegg utviklar SEVI også framtidsretta miljøteknologi (automasjonsløysingar, batterisystem etc).

 

Selskapets aktivitet innanfor elektro og automasjon veks og vi har difor behov for å styrkjast med fleire elektrikarar og ein prosjektingeniør elektro med maritim kompetanse og erfaring frå automasjon og/eller installasjonsarbeid.

 

Vi søkjer difor røynde personar med kunnskap og/eller interesse for miljøteknologi, med brei erfaring frå maritime elektriske anlegg. Personar som søkjer bør vere kvalitetsbevisst, løysingsorientert, positiv, nøyen, god kunderådgivar og med eit ynskje om vidare eigenutvikling mot miljøteknologi, for å kunne vere med å bere fram framtidsretta løysingar saman med resten av teamet i SEVI. Søkjarar må kunne både norsk og engelsk, vere godt kjend med bruk av datautstyr, samt ha sertifikat for bil.

 

SEVI har meget dyktige tilsette og ein får ta del i eit fleksibelt og allsidig arbeidsmiljø som gir godt utgangspunkt for personleg utvikling innanfor elektroteknikk, mekanikk, automasjon og mekatronikk.

 

 

Personar av alle slag vert bedne om å søkje om ein sit inne med rett kompetanse

 

SEVI AS søkjer difor:

 

ELEKTRIKAR

Arbeidsoppgåver:

  • Elektroinstallasjon og service
  • Kontroll og verifikasjon
  • Produksjon og testing av tavle-, kraft- batteri- og automasjonssystem
  • Oppstart og service
  • Noko reiseverksemd må påreknast

Fagkompetanse:

  • Fagbrev elektrikar med maritim og/eller teknisk fordjupning (Tidl. Gr.L)
  • Erfaring og kompetanse frå drift, vedlikehald og installasjon av elektriske maritime system

 

 

PROSJEKTINGENIØR ELEKTRO

Arbeidsoppgåve:

  • Prosjektkoordinering og sakshandsaming
  • Koordinering og oppfylging av elektrikar/serviceteknikarar
  • Korrespondanse med kunde og leverandørar
  • Bistå med kalkyle og tilbodsarbeid
  • Prosjektering, dokumentasjon og verifikasjon av elektriske anlegg.
  • Noko reiseverksemd må påreknast

Fagkompetanse:

  • Teknisk fagskule eller høgare utdanning, evt. relevant praksis frå sakshandsaming
  • Elkraft
  • Erfaring med maritime tekniske system

 

SEVI AS tilbyr god løn, gode forsikringsordningar og godt arbeidsmiljø.

 

Søknad og CV sendast til Stilling@sevi.no

 

Comments Are Closed!!!