SEVI GROUP overtek SEASTATE 7 AS

SEVI GROUP overtek SEASTATE 7 AS

SEASTATE 7 MPD

SEVI Group AS ekspanderar ved å overta Seastate 7 AS, og samlar utvikling, marknadsføring-, og salsaktivitet i sitt nye hovudkontor i Ulsteinvik.

SEVI vil med dette oppkjøpet bli ein meir robust leverandør av miljteknologi til maritim næring i både inn- og utland. 

 

 

SEVI AS vil fortsette sin aktivitet innan service og produksjon for maritim industri, på Mjølstadneset. SEVI er involvert i fleire spennande prosjekt både innan segmenta havbruk, fiskeri og transport, med utvikling av energieffektive løysingar. SEVI as byggjer vidare på sin kompetanse innan automasjon, dieselmotorar, tavlesystem og generatorar.

 

SEASTATE 7 AS har sidan etableringa i 2014, drive fram fleire utviklingsprosjekt der miljø og effektivitet er i fokus. Ingeniørverksemda har utvikla og patentert MPD™, ei botnluke som ved implementering i skip vil spare miljøet for store utslepp i form av redusert drivstoff -forbruk på offshore- og spesial farty rundt om i verda.

Sjå link til heimesidene til Seastate 7 her: www.seastate7.no

 

SEVI BLUE POWER AS er systemintegrator med fokus på miljøteknologi for energieffektiv drift av skip. Selskapet har utvikla fleire innovative løysingar og er involvert i fleire utviklingsprosjekt med viktige aktørar i den maritime næringa. Det er søkt om patent for fleire av løysingane SEVI BLUE POWER har utvikla.

Comments Are Closed!!!