Samarbeidsavtale med Shok Partner as

Samarbeidsavtale med Shok Partner as

SEVI AS og SHOK PARTNER AS har inngått samarbeidsavtalen om service på proff kvitevarer til den maritime næringa.

SHOK PARTNER AS har i ei periode sett etter ein god servicepartner for å betene kundar ute i felten med mellom anna serviceoppdrag, feilsøking eller reservedels-leveransar. Til dette har SHOK PARTNER AS valgt SEVI AS som samarbeidspartner.


SHOK PARTNER AS er leverandør av utstyr til messe, vaskeri og avfallshåndtering ombord i alle typar skip og maritime installasjonar. Selskapet er etablert i Myrvåg i Herøy Kommune og har lang erfaring frå levering av proff-løysingar til maritim industri.


SEVI AS er servicebedrift for maritime elektriske anlegg med høg kompetanse på elektro, automasjon og elektronikk. Dette gjer at SEVI kan bistå SHOK PARTNER AS sine kundar med god og rask service både for ny-installasjonar og service i utstyrets levetid. SEVI sine kundar er godt kjend med kompetanse også innan kvitevarer, og denne avtalen sikrar ytterlegare kvalitet både på utstyrsprisar og servicenivå til våre kundar.


Kontaktinformasjon:

SEVI AS:                      Servicetelefon +47 700 85 500       service@sevi.no

SHOK PARTNER:       +47 91 91 50 63            marketing@shokpartner.no                   


For meir informasjon om produktsortiment for utstyr til bysse, vaskeri og avfallshåndtering sjå gjerne SHOK PARTNER si heimeside.

Comments Are Closed!!!