BLUE POWER CONNECT

BLUE POWER CONNECT

SEVI BLUE POWER har fått mange førespurnadar både frå media og industrielle aktørar i marknaden rundt den nye automatiske ladeløysing BLUE POWER CONNECT™ og vi ynskjer difor å informere litt om dette.

Med bakgrunn i stor pågang av folk som er interesserte i BLUE POWER CONNECT, både frå media, reiarlag og andre, vil vi informere litt om bakgrunn, kapasitet og teknisk informasjon rundt den effektive ladeløysinga til SEVI BLUE POWER AS. 

 

 

Utviklingsarbeidet av BLUE POWER CONNECT™ skjer i nært samarbeid med aktørar i den maritime næringa og har allereie rukke å bli sett som ein anerkjend metode for rask og effektiv lading av elektriske skip, eller skip med hybride framdriftssystem.

 

Detaljar i funksjonalitet og kapasitet vil vi måtte kome tilbake til, då det for tida er stor konkurranse mellom våre kundar for kontrakter dei jobbar med. Sidan BLUE POWER CONNECT™ vil bidra til våre kundar si konkurranseevne, treng vi å halde litt att informasjon rundt dette inn til vidare.

 

BLUE POWER CONNECT™ vart til med bakgrunn i at dette lengje har vore eit av dei «svakaste ledda» i samband med lading av elektriske skip. Difor måtte ein sjå utfordringa med litt anna vinkling enn tidlegare. Dette har resultert i eit patentsøkt produkt for nettopp dette. BLUE POWER CONNECT™ vil overføre veldig høge kapasitetar på veldig kort tid, og samtidig tåle eit uttal  til- og fråkoplingar. Den vil også vere uavhengig av spenningsnivå eller «spenningstype». Med bakgrunn og erfaring frå kyst og vèrharde miljø, har dette blitt ein robust sak, som vil kunne tåle ein «trøkk», og motstå dei harde omgjevnadane vi er vande med her på Sunnmøre.

 

Comments Are Closed!!!