OM SEVI GROUP

Om Sevi Group

SEVI GROUP er leverandør til maritim næring innan design, utvikling og service. Gjennom eigarskap i verksemdene SEVI AS, SEVI BLUE POWER AS og SEASTATE 7 AS, er SEVI GROUP AS ein solid leverandør av teknologiske produkt og løysingar til kundar innanfor maritim næring. SEVI GROUP har hovudkontor på Stålhaugen i Ulsteinvik, avdeling i Fosnavåg og Bergen.

 

SEVI AS vart etablert i 2009 og er spesialist på automasjonssystem, samt service og vedlikehald av elektriske elkraft system og dieselmotorar ombord i skip. Gjennom fleire leveransar til fiskeri, oppdrett og offshore har SEVI vist seg som ein solid partner for både utvikling av nye løysingar og service på eksisterande system. SEVI as held til på Mjølstadneset i Fosnavåg, med avd. i Bergen. Severin Gjerde er dagleg leiar.

SEASTATE 7 AS har sidan etableringa i 2014, drive fram fleire utviklingsprosjekt der miljø og effektivitet er i fokus. Ingeniørverksemda har utvikla og patentert MPD™, ei botnluke som ved implementering i skip vil spare miljøet for store utslepp i form av redusert drivstoff -forbruk på offshore- og spesial farty rundt om i verda. Seastate 7 har kontor i Ulsteinvik. Lars Reidar Brekke er dagleg leiar.

SEVI BLUE POWER AS er ein systemintegrator med fokus på miljøteknologi for energieffektiv drift av skip. Selskapet har utvikla fleire innovative løysingar og er involvert i fleire utviklingsprosjekt med viktige aktørar i den maritime næringa. SEVI BLUE POWER AS held til i Ulsteinvik. Jan Arild Roppen er dagleg leiar.

 

 

Selskapsadresser:

 

SEVI GROUP 

Stålhaugen 9

6065 Ulsteinvik

Tlf: 700 85 500

 

SEVI AS

Mjølstadnesvegen 15 A

6092 Fosnavåg
Tlf: 700 85 500

 

SEVI BLUE POWER AS

Stålhaugen 9

6065 Ulsteinvik

Tlf: 700 85 500

 

SEASTATE 7 AS

Stålhaugen 9

6065 Ulsteinvik

Tlf: 700 85 500

 

 

 

 

 

 

SEVI TURBO AS har skifta namn til DAVI TURBO AS. Meir info. om dette finn du på www.daviturbo.no.